Squash

Her kan du bestille og betale for månadskort til squash

Balestrand treningssenter administrerer adgangsbrikkene til squashhallen i Belehalli, som vert drifta av Balestrand idrettslag.

Månadskort

Månadskort gir deg tilgang til å spele så mykje du vil i opningstida, men du må alltid booke tid.

Du bestiller månadskort i lenka over. Etter du har betalt for månadskortet, fyller du ut skjemaet under.

Drop-in

Det er også mogleg å betale for sporadiske drop-in-timar. Det gjer du i same løysinga som der du bookar tid. Hak i så fall av for dette alternativet i skjemaet. Kortet ditt vil bli opna i ein månad. Ønskjer du å utvide tilgangen, må du sende inn skjemaet på nytt. Misbruk av tilgangen vil føre til utestenging.

Adgangsbrikke

Dersom du i tillegg treng adgangsbrikke, vil du få ein faktura på 150 kr.

Du treng ikkje ny brikke dersom du frå før har adgangsbrikke gjennom Balestrand treningssenter.

Det kan ta nokre dagar å ordne ny adgangsbrikke, så ver ute i god tid.

Opningstider

Måndag til fredag: 14.00 til 22.00
Laurdag til sundag: 08.00 til 22.00

Vilkår

Du må alltid booke tid, slik at andre ser at bana er opptatt.

Her bookar du tid i squashhallen

Den som bookar må til ei kvar tid vere ein av to som spelar. Det er ikkje tillatt å booke tid for andre.

Det blir ikkje gitt refusjon på månadskort.

Månadskort blir ikkje automatisk fornya.

Hugs innesko med lys sole.