Prisliste

3300 kr Årskort vaksen
2200 kr Årskort student/honnør
1100 kr Årskort ungdom 13–15

1800 kr Halvårskort vaksen
1300 kr Halvårskort student/honnør
600 kr Halvårskort ungdom 13–15

350 kr Månadskort vaksen
250 kr Månadskort student/honnør
150 kr Månadskort ungdom 13–15

100 kr Drop-in time

75 kr Depositum for inngangskort

Innmeldingsskjema

Du får faktura på e-post. Hugs å betale med KID!

Namn *
Namn
Treng du nøkkelkort? *

Betingelsar

Medlemskapet gjeld frå dagen du betalar. Det kan gå eitt eller to dagar før nøkkelkortet er aktivert og klart til bruk. Når du melder deg inn via nettsida, vil du få svar på mail der du gjer avtale om henting av nøkkelkort. Medlemskapet må vere betalt og registrert hjå oss før du kan hente nøkkelkortet. 

Kortet er personleg og alle må ha sitt eige kort. Det gjeld ikkje for 10. klasse elevar som ikkje har fylt 16, dei må trene saman med ein vaksen som har medlemskap om dei vil trene på styrkerommet. Skoleungdom har ikkje eige kort då dei kun har adgang til gruppetimar. Frå fylte 16 år, eller etter avslutta 10. klasse, er du studentmedlem og får full tilgang på senteret.

Ved kjøp av kort må det betalast eit depositum på 75 kr. Dette vert tilbakebetalt ved innlevering. Dersom du mister kortet vert ikkje depositum tilbakebetalt, og nytt depositum må betalast for nytt kort.

Dei som arbeider i slik turnus at dei bur annan stad/er vekke på arbeid deler av året, får tilbod på senteret til studentpris på halvårskort og årskort.

Ungdomsmedlemskap gjeld ungdomsskuleelevar frå 13–15 år. Desse har kun adgang til gruppetimar, og får difor ikkje kort. Dei som går i 10. klasse kan få tilgang til treningsapparata under føresetnad av at dei betalar studentmedlemskap og trenar saman med ein vaksen som har eige medlemskap, ungdommen får ikkje eige kort. Når eleven er 16 år kan vedkomande trene i styrkerommet utan vaksen og får då eige kort.

God trening!